c

Historisk kontraktsignering for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Pressemelding 22.10.2019 13.00 CET

22.oktober signerte Helse Møre og Romsdal kontrakt med Skanska Norge AS om vidareutvikling av akuttsjukehuset på Hjelset. Gjennom samhandlingsfasen er målet å redusere kostnadane ned til styringsmålet som er satt for prosjektet.

Bilde fra signeringen

- Avtalen med Skanska er ein historisk og viktig milepæl for føretaket. Vi går no inn i samhandlingsfasen der Skanska skal jobbe tett saman med prosjektorganisasjonen og tilsette i føretaket for å finne gode løysingar, seier Nils Kvernmo, konst. adm. dir i Helse Møre og Romsdal

Totalentreprise med samhandling

Gjennom avtalen tek Skanska på seg ansvaret med å levere totalentreprisen inkludert prosjektering, tekniske entreprenørar, samt andre nødvendige entreprenørar og leverandørar. Etter samhandlingsfasen er planen å inngå ein gjennomføringskontrakt med Skanska hausten 2020.

- Skanska sin plan for vidareutvikling og gjennomføring av prosjektet er svært tillitsvekkande. Dei har høgt kompetente og erfarne prosjektmedarbeidarar som vil finne nye løysingar og redusere kostnadane i prosjektet ned til forventa kontraktssum på 2,1 milliardar kroner (ekskl. mva), seier Kvernmo.


Stor kontrakt for Skanska

I vidareutviklinga av prosjektet vil målet vere å sikre eit framtidsretta akuttsjukehus med dei funksjonane og kapasiteten som er vedtatt, og som blir utforma på ein best mogleg måte både for pasientar, pårørande og dei tilsette.

- For Skanska er dette et stort høgdepunkt. Verdien av kontrakten er den største som nokon gong er tildelt for landbaserte oppdrag i Norge, og passer godt med vår forretningsstrategi om å være leiande på store og komplekse prosjekt med tidleg entreprenørinvolvering. SNR er også et strategisk viktig prosjekt for sjukehusbyggaren Skanska, seier konsernsjef i Skanska Norge Ståle Rød

Konsernsjefen er trygg på at Skanska sitt team i SNR-prosjektet har den nødvendige sjukehuskompetansen og erfaringa frå store komplekse samspelsprosjekt, som skal til for å sikre at ein i tett samspel med byggherre og øvrige samspelspartnarar når prosjektet sine mål.

- Vi gler oss til å vere med å realisere dette viktige prosjektet som vil få stor betyding for alle som bor i regionen, seier Rød


Byggestart i 2020

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge, og blir finansiert gjennom 70 prosent lån og 30 prosent eigenkapital som er spart opp i Helse Midt-Norge.
SNR vil i tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt til hausten 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. mai 2024.

 

 

Kontaktpersonar:

Guri Viken, kommunikasjonsrådgivar i SNR-prosjektet,

tlf.: 997 13 821, e-post: Contact

Johan Arnt Vatnan, leiar av prosjektstyret til SNR. Tlf.: 922 51 113

Audun Lågøyr, Kommunikasjonsdirektør i Skanska, 934 52 531

Tor Arne Midtskogen, Konserndirektør i Skanska, 934 44 465